Jakta
Bjordalen har lange tradisjonar som eit bra jaktområde både på rein, hjort og småvilt.
Terrenget er kupert og lettgådd med mose og stein, heller lite myr og lyng.
Du kan oppleva å sjå rein på lang avstand, gå rett på dyr rundt neste haug eller ha dyr rett ved hytteveggen.

Villreinjakt
Villreinjakta i Nordfjella er underlagt ordningar og omfang som grunneigarane ikkje styrer åleine. Stamma er totalt på ca. 2500 dyr og antall fellingsløyver varierar frå år til år, avhengig av total fellingskvote. Jaktterrenget tel ca 57 tusen dekar med mange sentrale reinstrekk. Siste åra har fellingskvoten for Bjordalen vore ca 20-25 dyr med ein kjønnsfordelig på ca 1/3 bukk/simle/kalv. Jaktperioden er normalt frå 20 august til 20 september. Fellingsprosent har variert dei siste åra frå 50 - 80 %.

Jakta vert utleigd ved 2 - prissystem dvs :
Du som kunde betalar ein pris for 5 dagars jakt inkludert overnatting + ein ekstra kjøttpris ved felling. Pris på jakta og felling varierar alt etter kva type kort du har og tidspunkt i perioden.

Det vil til kvar tid vera eit begrensa antall personar i terrenget.

Jaktkorta blir fortrinnsvis seld til faste jegerar, men det kan vera muligheit for ledige kort.

Dersom du eller de synest dette høyrest spennande og forlokkande ut, så ta gjerne kontakt på tlf eller mail.

Hjortejakt og Småviltjakt
Begge desse er dessverre for tida utleigd på åremål, desse kjem til å bli annonsert på eit seinare tidspunkt dersom dei blir ledige.