Ørretfiske fellesone
Velkommen til siden for fellessone, her håper vi du finner informasjonen du treng.

Med eit fiskekort i Bjordalen har du muligheit til å fiske i 15 - 20 små og store høgfjellsvatn frå 1300 - 1500 m.o.h. Vatna ligg spredd utover vidda med 5 - 6 større vatn og mindre vatn rundt. Fleire av vatna er godt eigna som kombinasjonsvatn fluge / sluk. Eigen flugesone i Grindevatna. Dei djupaste og høgastliggande vatna eignar seg helst til sluk og dorging. Fleire av vatna har båt, desse er tilknytta hyttene du leiger. I 2 av fiskevatna tilbyr vi i tillegg til sportsfiske, gratis garnfiske med garn inkludert. Avstand til fiskevatna varierer frå rett ved anleggsveg, til 5 km til det vatnet som er lengst unna. Her ligg også Gjetarhytta.

Beskrivelse av dei viktigaste vatna :
Kaldevatn
Er eit forholdsvis stort og langt vatn på ca 1000 dekar som ligg i den austlege delen av eigedommen. Bjordalen deler dette vatnet med naboterrenget og vi eig omlag halvparten av dette. Vatnet ligg på 1444 m.o.h, er forholdsvis djupt og eignar seg best til slukfiske og dorging. Fungerar og med fluge når temperaturen er god.
Her finn du topp kvalitetsørret, blank og fin, og raud i kjøtet. Gjennomsnittsvekt på rundt 500 g. Her er det og naust og båt som blir leigd ut i saman med hytta Bjordalsyn. Avstand til fiskevatnet er ca 2,5 km lett gange frå anleggsveg.

Nedre Bjordalsvatn
Er eit forholdsvis stort vatn på ca 800 dekar som ligg i den søraustlige delen av eigedommen. Vatnet ligg høgt, 1480 m.o.h og har både grunner og djupholer. Høgden gjer at dette vatnet eignar seg best til slukfiske og dorging.
Ørreten har fin kvalitet, blank, fin og stort sett raud i kjøtet. Gjennomsnittsvekt på rundt 400 g. PS ! i elva som renn ut frå dette vatnet er det teke fisk på 1,4 kg. Ved dette vatnet ligg også Gjetarhytta, der naust og båt blir leigd ut saman med denne.
Avstand til dette vatnet er ca 5 km lett gange frå anleggsveg.

Mjåvatnet
Er eit langt og smalt vatn på ca 500 dekar som ligg lett tilgjengeleg for sportsfiske omlag midt i eigedommen.
Vatnet ligg 1409 m.o.h, har mange grunner og eignar seg meget godt til flugefiske, men også til slukfiske og mark. På grunn av fjella rundt, er det ofte lunt her. Dette fører til insekt og klekking.
Ørreten har fin kvalitet, er blank, fin og raud i kjøtet. Gjennomsnittsvekt på rundt 350 g. Meget populert sportfiskevatn.
Avstand til dette vatnet er ca. 1 km lett gange frå anleggsveg.

Største Grindevatn
Vatnet er enn sålenge open  for alle typar sportsfiskarar, men vil komma med i flugesona etterkvart. Vatnet ligg ca 1360 m.o.h og eignar seg meget godt til flugefiske, men sjølvsagt også til sluk og mark. Her er ørret av god kvaliet, blank, fin og stort sett raud i kjøtet.

Øvre og nedre Skardalstjern
Er to vatn som blir forbundet med ei lita elv rett ved anleggsvegen. Vatna ligg ca 1330 m.o.h, og eignar seg godt til flugefiske, sluk og mark. Dessverre er det her noko for mykje fisk, difor tilbyr me gratis garnfiske med garn inkludert i desse to vatna ( båt i det eine vatnet ). Gjennomsnittsvekt ca 200 g. Det har her blitt arbeidt i fleire år med aktivt kultiveringsfiske og kvaliteten er på veg opp.
Ved nedre Skardalstjern ligg og Skardalshytta. Begge vatna er ypparlege familievatn, her er du stort sett alltid sikra fisk.

Generelle fisketips
Som i dei fleste fiskevatn er det som regel vær og vind som avgjer om det er godt eller dårleg bet i fisken. Når ein har gode temperaturar og vinddrag frå sør eller aust, er det som regel godt bet.
Fisken bit best om kvelden og tidleg på morgonen, men ein får også fisk på dagen enten det er sol eller ikkje.
Det beste tipset er vel berre å prøve seg fram med sluk, mark eller fluge alt etter forhold og ønskje.
  
Generelle fiskereglar:
- Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stang / oter må løysa fiskekort.
- Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong i småtjerna til “Bjordalen jakt og fiske”, i flugesona er det eigne reglar.
- I Kaldevatn, nedre Bjordalsvatn og Mjåvatn er det lov å bruke oter, i øvre og nedre Skardalstjern er det i tillegg lov med garn.
- Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
- Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
- Ikkje kast søppel i naturen.

Fiskesesong:
Normalt frå ca. 10 juli - 15 september, alt etter snøforhold.

Fangstrapport:
Ved avslutta fiske skal fangstrapport leverast utleigar. Fås ved kjøp av fiskekort.

Prisar:
Fiskekort / dagskort fellessone og flugesone:
200,- pr.person for sluk og flugefiske. Oterfiske i nokre vatn. Gratis garnfiske i to vatn.

For deg som får kriblingar i kroppen når du les dette, likar friheitsfølelsen og den flotte fjellørreten på vidda.
Gå til kontakt.